Findet uns auf Facebook  

                                                          

 

       Willkommen im Anglerparadies Tysnes

 

    
English   Norsk   NL

Home

Aktuelles

Ferienhäuser

Anreise/Fähren

Boote

Angelkurse
Angelguiding 

Angelreisen

Tauchen

Fotoalbum
Reiseberichte

Tysnes

Info Norwegen

Wir über uns

Links/Banner

 

 

Er Bjørnefjorden farleg for turistar?

Etter at åtte tyske turistar i påsken kom i havsnaud i Sunnhordland då dei var ute og fiska, så har lensmannen i Fitjar gått ut og sagt at dette kan verta eit problem i
                       farvatna våre i framtida.

Den daglege leiar ved Tysnes Sjø og Fritid skjøner at politet er ottefull, men er ikkje redd for gjestane sine på Tysnes, seier han til Radios Nettet.

- Her får alle utlevert redningsvest når dei kjem, og me gjer og informasjon om véret kvelden i forvegen og presiserar faren for endringar. Er det fare for skikkeleg styggavér, stoppar me all utfart frå senteret, og dette har gjestane våre forståing for, seier han.

- Me har og ein tysk fiskeguide som er med på å gje den rette informasjonen på deira eige språk, slik at misforståingar ikkje skal oppstå.

Han seier vidare at han er meir ottefull for dei tyske turistane som leiger hus eller hytter i Bjørnefjordregionen, der dei sjølv hentar nøkkel og lyt sørgja for all informasjon om staden dei er komen til på eigahand. Her kan det kanskje oppstå farer i høve til båtbruk, vér og geografikunnskapen.

- Eg føler elles at tyskarane og alle turister her er audmjuke til det dei kjem til, og legg opp aktivitetsmønsteret sitt deretter, sluttar han

Bladet Tysnes 

TILBAKE

 


amazon

Wichtiger Hinweis zu den Links auf unserer Seite!
Maile an  Tysnes Båtutleie AS  oder mail@tysnes.com


Letzte Änderung: 31 januar 2012