Er
Bjørnefjorden farleg for turistar?
Etter
at åtte tyske turistar i påsken kom i havsnaud i Sunnhordland då dei var ute
og fiska, så har lensmannen i Fitjar gått ut og sagt at dette kan verta eit
problem i
farvatna våre i framtida.
Den daglege leiar ved Tysnes Sjø og Fritid skjøner at politet er ottefull,
men er ikkje redd for gjestane sine på Tysnes, seier han til Radios Nettet.
- Her får alle utlevert redningsvest når dei kjem, og me gjer og informasjon
om véret kvelden i forvegen og presiserar faren for endringar. Er det fare for
skikkeleg styggavér, stoppar me all utfart frå senteret, og dette har gjestane
våre forståing for, seier han.
- Me har og ein tysk fiskeguide som er med på å gje den rette informasjonen på
deira eige språk, slik at misforståingar ikkje skal oppstå.
Han seier vidare at han er meir ottefull for dei tyske turistane som leiger hus
eller hytter i Bjørnefjordregionen, der dei sjølv hentar nøkkel og lyt sørgja
for all informasjon om staden dei er komen til på eigahand. Her kan det kanskje
oppstå farer i høve til båtbruk, vér og geografikunnskapen.
- Eg føler elles at tyskarane og alle turister her er audmjuke til det dei kjem til, og legg opp
aktivitetsmønsteret sitt deretter, sluttar han
Bladet
Tysnes
TILBAKE